08.08: Endre Kupen show, scora 5 mål mot Eid 2!
Postet av Selje IL - Fotball den 8. Aug 2006
Selje2/Stadlandet låg under 5-2 etter 63 min av 6.div.kampen mot Eid 2 i kveld. Alle trudde kampen var tapt, men då var det duka for Endre Kupen show! Fantastiske 5 mål i løpet av dei siste 25 minutta av 16-åringen, og heimesiger 7-5!
Selje2/Stadlandet var godt med i fyrste halvdel av 1.omgang og scora det fyrste målet. Deretter styrte Eid 2 kampen heilt og skapte masse sjansar utover kampen. Fleire gode redningar av Tom-Øyvind Solheim i heimemålet hindra fleire baklengs i denne perioden. Då Eid gjekk opp til 5-2 leiing etter 63 minutt, rekna alle med at kampen var avgjort.
Men siste års guttespelar, Endre Kupen som også hadde ei flott turnering til liks med laget sitt på Norwaycup, ville det annleis. Smått fantastiske 3 mål i løpet av 4 minutt snudde kampen, og deretter kom det to til. "Svimle" Eid 2 spelarar vart snurra rundt og avdribla så det var ei fryd, og alle fem måla var skikkelege perler.
Eit klart heimetap var dermed snudd til heimesiger 7-5.
1-0 (12 min) Jørn Tore Sande, 1-1 Anders Midthjell (35min), 1-2 (38min) Arne Morten Nydal, 1-3 (40min) Kim Svarstad, 1-4 (49min) Anders Midthjell, 2-4 (58 min) Arne Refsnes på straffe, 2-5 (63 min) Aksel Myklebust, 3-5 (65 min) Endre Kupen, 4-5 (67min) Endre Kupen, 5-5 (68 min) Endre Kupen, 6-5 (78min) Endre Kupen, 7-5 (90min) Endre Kupen.
Dommar: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll
Gult kort: Henrik Aarsheim, Selje + 1 til Eid
Rødt kort: Thomas Jørgensen, Selje
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024
Årsfest torsdag 5.desember
20.11.2024
Info. Deltakingsavgift 2024
20.11.2024