Dramatikk i sluttminutta då Selje tapte mot Førde
Postet av Selje IL - Fotball den 11. Jun 2006
Det vart ei svært dramatisk avslutning på 3.div kampen mellom Selje og Førde. Det såg ut til å gå mot bortesiger, då innbyttar og "evig unge" Roger Hamre kjempa inn utlikning til 2-2 i det 89. minutt. Tett på 200 tilskodarar jubla og såg sjansen til poeng mot eit av topplaga. Men gleda varte i berre eitt minutt, då Førde noko lettvint gjekk opp til leiing 3-2 igjen. Selje gjekk i angrep, Førde kontra og på overtid scora dei sitt fjerde mål for dagen, slik at kampen enda 2-4.
Den andre målscoraren for Selje var Frode Nøstdal, på straffe etter 49 min., som også vart kåra til dagens heimespelar. Som speaker sa det: "Kven andre lag i 3.divisjon har to målscorarar som til saman er 90 år!"
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.