Invitasjon og påmelding til Seljecup 2020, 12.-14.juni
Postet av Selje IL - Fotball den 22. mar 2020
KORONA: Vi inviterer til Seljecup og åpnar for påmelding, sjølv om situasjonen er svært usikker på kva som vil skje frå mai og utover våren. Invitasjon/påmelding er under føresetnad av at det vil vere råd å arrangere Seljecup 12-14.juni. Dersom Seljecup må avlysast på eit seinare tidspunkt pga. koronatiltak, så vil vi refundere alle innbetalingar av lagsavgift og deltakaravgift.
SELJECUP 2020: Selje IL har igjen gleda av å ynskje velkommen til vår populære og tradisjonsrike cup. Helga 12.-14.juni håpar vi på ein ny flott fotballfest i Selje! I fjor vart det sett ny deltakarrekord med nesten 160 lag, meir enn 1200 spelarar frå over 30 klubbar. Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld.
Vi ynskjer alle velkommen til å melde seg på til Seljecup 2020!
Sjå invitasjon og info: seljecup-invitasjon20-lav.pdf
Påmelding trykk på linken under:
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Selje-Vik: lørdag 30.mai kl.15.00
27.05.2026
Selje-Førde2, fre. 22.05 kl.19.45
19.05.2026
Selje-Bremanger: fredag 15.mai kl.19.00
13.05.2026
Selje-Stryn fre. 08.05 kl.19.00
06.05.2026
Selje-Askvoll/Holmedal: lør. 2.mai kl.14.00
02.05.2026
Lør. 02.05 kl.14.00, Selje-Askvoll/Holmedal
02.05.2026