21.08: INVITASJON Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Aug 2012

Selje IL arrangerer i år Tine-Fotballskule for 8.gong. Dato for årets fotballskule er fredag 31.august og laurdag 1.septemberPåmeldingsfrist er søndag 26.august. Dei siste åra har det vore fullt og delteke ca.120-130 deltakarar...... Meir info. og påmelding, les under.....


TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 8.gong. Dei siste åra har arrangementet samla ca. 120-130 deltakarar. Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 31.august kl. 17.30-20.30

lørdag 1.september kl. 12.00-16.00

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2005) til og med 15 år (10.klasse, f.1997)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (bag, t-skjorte, diplom) + 1 stk. fotball + mat begge dagar.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding:

Påmeldingsfrist innan søndag 26.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til:     perjarle.hoddevik@gmail.com

eller tlf./sms til: tlf. 90 76 29 28

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

…………………………………………………………………………………………

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2012

Påmeldingsfrist: søndag 26.august!

Namn



Fødselsår



Klubb



Spelar- eller keepergruppe



Mobiltlf.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.