19.08: Stadlandet - Selje 2-2

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Aug 2012

Det vart 2-2 og poengdeling i lokaloppgjeret på Stadlandet i dag, etter at heimelaget leia 1-0 ved pause. Selje utilikna til 2-2 i siste minutt av ordinær tid. Selje stilte med eit ungt lag i dag, heile 4 guttespelarar frå start. Flott keeperdebut på A-laget av 15år gamle Ole Johnny Hoddevik...... 

1-0    11min     Per Arne Teige  

1-1    70min    Joachim Refvik (straffe, etter felling av Espen P. Åhjem)

2-1    78min    Arne Refsnes

2-2    89min    Saron Osmundsvåg

Seljetrenar Idar Taklo sa dette etter kampen: "Det vart ein tett og jamn kamp som forventa. Vi kan ikkje vere direkte misfornøgde med poengdeling når vi utlikna i siste speleminutt. Vi hadde mange bra avslutningar på mål, men Odd Helge var god i dag. Vi stilte med eit ungt lag, 4 guttespelarar derav 3 fyrsteårs. Flott at Ole Johnny tok utfordringa og stilte opp som keeper i dag. Han var uredd og fekk ein fin debut."

Seljes lag: Ole Johnny Hoddevik, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Martin Hove, Vegard Elde, Magnus Rye (Espen P. Åhjem frå 45min), Martin grøttå, Are Berstad, Saron Osmundsvåg, Joachim Refvik, Runar T. Aarsheim.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.