Prisutdeling "Best Grasroot Leader" på Seljecup
Postet av Selje IL - Fotball den 21. Jun 2012
Høgtideleg og flott seremoni då fotballpresident Yngve Hallen føretok prisutdeling i UEFA-kåringa, "Best Grasroot Leader". På ei festpynta tribune framfor fleire hundre barn og vaksne i forkant av miniputt-turneringa søndag, fekk Atle det synlege beviset på sølv i den prestisjetunge kåringa. I tillegg vart han invitert som æresgjest i UEFA sin breiddekonferanse i Oslo til hausten. Og klubben får også 100 fotballar, sa fotballpresident Hallen. Blomster og gode ord også frå Sogn og Fjordane Fotballkrets v/Jon Georg Rutledal og frå Selje kommune v/ordførar Ottar Nygård. Fleire bilde, sjå under.....
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Fredag 17.10,kl.19: Selje/Åheim-Sogndal 1
13.10.2025
Flott Tine fotballskule!
18.09.2025
3.div. kvinner Selje/Åheim
18.09.2025
Selje vann 6.div avd.4
18.09.2025