01.06: Eikefjord-Selje 4-0

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Jun 2012

Selje møtte Eikefjord på bortebane  i kveld. Selje låg under 2-0 ved pause, og tapte til slutt kampen 4-0. Litt meir om kampen under....

2min      1-0

13min    2-0

77min    3-0

94min    4-0

Selje tapte 4-0 på grasbana i Eikefjord. Trenar Ola Hove seier at Eikefjord var betre enn Selje i denne kampen. "Vi fekk ei verst tenkjeleg opning med to tidlege mål i mot. Utover omgangen hadde vi eit par store målsjansar, men utan å lukkast. Starten av 2.omgang var bra. Men så kom 3-0 og då var det gjort. 4-0 kom på overtid. Eg er godt fornøgd med at gutane held humøret og står bra på i kampen, så får vi berre prøve å komme sterkare igjen neste gong, " seier Hove. 

Seljes lag: Tor Erik Selvik, Vegard Elde, Rikard Rekdal, Martin Hove, Aleksander Kvernevik, Saron Osmundsvåg, Frode Nøstdal, Joachim L. Træet, Andreas Teigen, Espen P. Aahjem, Joachim Refvik

Benytta reservar: Kristoffer Nøstdal, Alexander Hove, Jonas Beitveit, Johannes Osmundsvåg

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.