02.06: Paneda heiar på lokalidretten!
Postet av Selje IL - Fotball den 2. Jun 2011
Paneda støttar idretten i Selje
OOddvar Flølo er oftast å sjå på kamp når A-laget spelar. I fjor vart ideen om ”Panedasvingen” lansert. Som sagt, så gjort…. no er ”Panedasvingen” blitt ein realitet. Over 80 meter stadionskilt med påskrifta: ”Paneda – heiar på lokalidretten”, er på plass på Selje Idrettspark.
Vi har teke ein prat med Oddvar Flølo, og spurt om kvifor Paneda har valt å gå inn som ein stor sponsor til Selje IL.
”Paneda har ikkje særleg behov for reklame eller marknadsføring her lokalt, for vi har markedet vårt uansett. Men vi likar å vise at vi er eit stabilt og godt selskap, og vise at det går an å få til noko. Vi vil bidra til ei positiv utvikling, og synest det er kjekt å vise igjen her i bygda.
Idrett og fotball er ein stor og svært viktig aktivitet i lokalmiljøet vårt, og som engasjerer veldig mange barn, unge og vaksne. Og Seljecupen er eit fantastisk arrangement som skapar identitet og gjev mange positive ringverknader. Det er flott å kunne vere med å støtte Selje Idrettslag, og bidra til at vi kan utvikle og oppretthalde aktivitetane som vi har i Selje”, seier Oddvar Flølo.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Fredag 17.10,kl.19: Selje/Åheim-Sogndal 1
13.10.2025

Flott Tine fotballskule!
18.09.2025

3.div. kvinner Selje/Åheim
18.09.2025

Selje vann 6.div avd.4
18.09.2025