06.06: Fyrste tapet i 4.div
Postet av Selje IL - Fotball den 6. Jun 2009
Selje trykte skikkeleg på fyrste kvarteret og hadde mange dødballar og pressa Askv./Holmedal bakover. Men det var heimelaget som scora. Litt unødvendig mål i mot som vi burde stoppa før det kom til innlegg, meinte trenar Idar Taklo.
Det vart ein jamn kamp utover, med spel og sjansar til begge lag. Mot slutten av kampen trykte Selje på for å få utlikning, men det ville seg ikkje. Endre Kupen hadde nokre avslutningar, og spelte ein kanonkamp, men klarte ikkje sette prikken over i-en med ei scoring. I perioden då Selje trykte på framover åpna det seg rom for Askv/Holmedal, som hadde nokre farlege overgangar.
"Eg synest vi hadde fortent poeng i dag. Vi hadde mange sjansar og fleire avslutningar frå 18-20 meter, men det ville seg ikkje. Marginane var ikkje med oss. Vi hadde ikkje heilt dagen, fleire av spelarane sleit med uvant underlag og med skader. Men gutane skal ha honnør for upåklageleg innsats", sa trenar Idar Taklo etter kampen.
"No er det berre å brette armane opp til neste helg og satse på seier då", seier Idar Taklo.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Runar Nøstdal, Joachim Refvik, Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Aleksander Kvernevik, Runar T. Aarsheim, Endre Kupen, Andre Kupen.
Reservar: Saron Osmundsvåg (etter 60min Aleksander Kvernevik), Alexander Hove (etter 89min Runar T. Aarsheim).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024
Årsfest torsdag 5.desember
20.11.2024
Info. Deltakingsavgift 2024
20.11.2024