01.05: Selje-Veitastrond 5-1

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Mai 2009

Selje vann klart 5-1 mot Veitastrond i dag, etter å ha leia 3-0 ved pause. Sigeren kunne fort ha blitt større.....
Det tok ikkje så lang tid før Selje festa grepet om kampen. ca. 10 min var spelt då Selje hadde fire store sjansar på rekke og rad. Werner Kupen skaut rett på keeper, Ole Andreas Solheim hadde ein susar i tverrliggaren frå 25meter, og Selje hadde to skot til frå kort hald som Veitastrond sin bestemann i dag, keeper Even Kvam avverga. Etter 20 min var Endre Kupen på eit av sine mange raid på høgrekanten. Innlegget førte til heading og redning på strek, ut i feltet og ny hedaing som igjen vart redda på strek. Veitastrond var heldige som ikkje låg under både med 2 og 3 mål.

Endeleg skulle Selje få utteljing. Endre Kupen kom igjen rundt på kant og fekk slått inn. Runar Aarsheim stupte fram på nærmaste stolpe og heada ballen perfekt i hjørnet og 1-0. Tre minutt seinare gjekk Selje opp til 2-0 etter corner. Ballen hamna ut på sekstenmeteren til Werner Kupen, som skaut rett i mål.

Veitastrond var på sporadiske visittar mot Seljemålet og kunne fått utteljing etter to skot frå kort hald på Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim etter 29 min og eit farleg skot like utanfor fire minutt seinare. I staden var det Endre Kupen som ordna 3-0 til Selje etter 45min. Kupen spelte sin beste kamp for året og var ein konstant trussel. Etter eit dribleraid mista han fyrst ballen, men vann den igjen på sekstenmeteren og kjippa elegant over keeper og inn i hjørnet.

Selje fortsette 2.omgangen med å skape sjansar. Endre Kupen hadde eit farleg skot rett over etter 5 minutt. Same mann vart felt innanfor 16meteren etter 10 min. Straffa sette Ole Andreas Solheim i stolpen og ut. Etter 13 min gjekk Selje opp til 4-0. Werner Kupen vann ballen utanfor 16meteren, og sende avgarde ein høg lobb, som datt ned på strek og oppi nettaket.

5-0 kom etter 25min. etter at Ole Andreas Solheim vart felt. Straffa sette "evigunge" Frode Nøstdal sikkert i mål. Resten av kampen dalte tempoet og trykket noko. Det medførte at Veitastrond kom betre inni kampen og skapte fleire sjansar. Etter 31 min skaut Veitastrond over på blank goal. Men eitt minutt seinare var ikkje Seljeforsvaret med, og Kurt Heggestad fekk gå åleine mot keeper og trilla ballen i hjørnet. Dermed 5-1. Veitastrond kunne fått endå eit mål på tampen etter to skot på nesten blank goal. Men godt keeperspel av Tom-Øyvind Solheim parerte begge forsøka. Siste sjanse i kampen hadde Selje. Joachim Refvik kom rundt på venstrekanten. Det harde innlegget fekk Espen Nøstdal nesten tåa på framfor mål.

Selje spelte bra og skapte mange sjansar i dag, særleg i 1.omgang. Med betre utteljing hadde seieren blitt endå større. 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Andre Kupen, Joachim Refvik, Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim (Anders D. Rekdal etter 75min), Runar T. Aarsheim (Espen Nøstdal etter 61 min), Kristoffer Nøstdal (Aleksander Kvernevik etter 45 min), Endre Kupen, Werner Kupen.

Andre reservar: Joachim L. Træet, Christan V. Sneide, Saron Osmundsvåg, Alexander Hove, Jan Runar Trandal, Runar Nøstdal

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Endre Kupen

Tilskodartal: 135

Neste kamp: Sandane-Selje søndag 10.mai kl.15.00




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.