22.09: Selje tapte 2-6 mot Sogndal 2

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Sep 2008

Selje tapte 2-6 mot Sogndal 2 i kveld, etter 0-3 ved pause. Sogndal 2 stilte med eit sterkt lag, og vann etter kvart ein klar siger med Tarjei Dale i scoringsform......

Selje hadde den fyrste store sjansen i kampen. Trond Hamre kom åleine med Sogndalkeeper Terje Skjeldestad etter 5min, men skotet gjekk i keeper og ut til corner. To minutt seinare heada Jan Runar Trandal frå 5-6meter, men fekk ikkje skikkeleg treff og Skjeldestad redda enkelt. Selje hang godt med det fyrste kvarteret av kampen, og var på høgde med Sogndal. Men etter kvart festa Sogndal 2 meir og meir grep om kampen.

Etter 25min fekk Sogndal 2 utteljing. Eit frispark vart slått inn i feltet, og Gøran Wigum heada i mål frå ca. 10 meter. Sogndal 2 hadde no fått fart på "maskineriet" og dominerte med raskt pasningsspel og god bevegelse. Etter 36min legg Tarjei Dale på til 0-2. Fire minutt seinare er Tarjei Dale fyrst på ballen i duell i lufta mot Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim, og headar inn 0-3. Same mann heldt på å score igjen etter 44min., då han skaut like til side for mål frå 12-13 meters hald. Selje får siste sjansen i omgangen, då Trond Hamre avsluttar med eit bra skot frå 16meteren som går like utanfor.

Selje starta bra i 2.omgang. Etter 53min er venstreback Joachim Refvik med i angrep. Han får ballen på 17-18 meter og får kanontreff med venstrefoten. Ballen går inn heilt ute i hjørnet. Flott scoring! 

Men gleda over scoringa er kortvarig, for Tarjei Dale er igjen frampå berre eit minutt seinare då han flikkar eit langt framspel vidare og i mål. Etter 62min er Lennox Kanu åleine med Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim, som får stoppa skotet og ut til corner. I ein god Seljeperiode det neste kvarteret, headar Jan Runar fyrst bakover og like utanfor stolpen etter 72min. Eitt minutt seinare vinn Selje ballen, og Ken Olav Kupen går åleine mot Skjeldestad i Sogndal-målet. Kupen scorar sikkert og dermed 2-4. Selje var no godt med i kampen og trykte bra på famover, og publikum håpa på meir Selje-jubel. Men Sogndal 2 punkterte kampen etter 79min. Kampens beste spelar, Tarjei Dale, lobba over Selje sin keeper som var langt ute, og inn i det opne målet. Etter 81min er Jon Aage Riksfjord uheldig og lagar sjølvmål. Ballen skrensar av foten og går i mål.

Fleire mål vart det ikkje, og kampen ebba ut med 2-6 til Sogndal 2. Ballsikre Sogndalspelarar spelte periodevis god fotball med stor bevegelse, og vann etter kvart ein komfortabel siger. Selje var veldig godt med fyrste kvarteret av kampen, og ein periode midt i 2.omgang. I dag tapte Selje for ein betre motstandar, mot eit Sogndal 2 lag som har gått frå siger til siger i det siste. 

Å spele kamp på ein mandag er ikkje enkelt for eit Selje-lag som har dei fleste spelarane buande borte i vekene. Då er det ekstra vanskeleg å samle troppen og fleire spelarar vil ikkje vere tilgjengelege. Frode Nøstdal, Kennet Honningsvåg, Werner Kupen, Martin Nygård var m.a. ute av troppen frå forrige kamp.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Delt mellom Endre Kupen og Andre Kupen

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Jon Aage Riksfjord (Alexander Wik frå 87min), Kristoffer Hove, Andre Kupen, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Jan Runar Trandal, Runar T. Aarsheim, Endre Kupen, Ken Olav Kupen, Trond Hamre (Runar Nøstdal frå 92min).  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.