16.05: Bittert Seljetap mot Høyang

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Mai 2008

Selje tapte 16.maikampen mot Høyang 2-3, etter stillinga 1-2 ved pause. Selje var med god grunn skuffa etter tapet, for dette var ein kamp som kunne gått begge vegar.....

Endre Kupen toppscorar i Firdaligaen, og dagens Seljespelar med to nye mål.

 

Selje kom best i gong i kampen, og skapte dei fyrste sjansane. Endre Kupen skaut rett utanfor etter 1 minutt, og Selje fekk ein dobbelsjanse etter 7 minutt, der Werner Kupen avslutta med skot like utanfor.

Etter 17min vender Trond Hamre flott opp inne på Høyang sin banehalvdel og forserer framomover, før han legg perfekt inn til Endre Kupen som headar over keeper og i mål. Flott scoring!

Men det skulle gå berre to minutt før det var balanse i rekneskapet. Eit hardt Høyang-skot vert glimrande redda av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim og ballen sprett oppi tverrliggaren og ut att på bana. Der står Robin Frichen, og scorar sikkert.

I det 26.min anprip Høyang med stor fart på høgresida. Det harde innlegget går gjennom Selje sitt forsvar, og på bakerste stolpe står igjen Robin Frichen på rett plass og set ballen i mål. Resten av omgangen er jamnspelt med halvsjansar til begge lag, og laga går til pause på stillinga 1-2.

Publikum har knapt fått sett seg til rette, før Selje utliknar. Selje får frispark 20 meter frå mål. Toppscoraren i Firdaligaen, Endre Kupen, skrur ballen perfekt over muren og i hjørnet til stor jubel frå heimepublikummet.

Selje har eit visst overtak i starten av omgangen. Etter 17 min. får Høyang ein kjempesjanse, men Gaute Otnes når fram og får klarert til corner. I det 23min avsluttar Werner Kupen frå 16meteren, på ein god sjanse for Selje. Nokre minutt seinare ny stor Selje-sjanse. Trond Hamre headar frå 7-8 meter, men keeper reddar.

Frå det 32-34 minutt er det Høyang som pressar på. Fire cornerar på rad utan at Selje får klarert. Den siste vert avslutta med farleg heading som Tom-Øyvind Solheim reddar.

Dette er ein kamp som kan gå begge vegar, men utover slutten av omgangen er det Selje som pressar hardast på. Etter 35minutt vert Endre Kupen felt innanfor 16meteren. Publikum ropar på straffe, men spelet vert vinka vidare. Her "lukta" det straffe lang veg. Så, i ein god Seljeperiode, kontrar Høyang. Seljeforsvaret rotar det til og får ikkje klarert. Dermed er det Høyangs Kristoffer Iversen som får ballen inne i fletet. Han avsluttar frå 7-8 meter og sender Høyang opp til 3-2.

Men Selje gjev ikkje opp. Berre minuttet seinare er Selje så nær som det går an. Werner Kupen satsar alt inne i Høyangs sekstenmeter, og knallar ballen i tverrliggaren, stolpen og ut.  Men marginane var ikkje med Selje i dag, og typisk nok vert det ikkje scoring denne gongen heller.

Selje kastar alle mann i angrep, inkludert keeper, på corner rett før slutt. Men det hjelper ikkje. Høyang kan juble over sin fyrste siger for sesongen. Selje deppar, for dette var ein kamp som burde gitt minst eit poeng. Over 200 tilskodarar går skuffa heim på "dagen før dagen".

Dermed klatra Høyang opp frå botnen av tabellen. Dette vart ein tett og spennande kamp som forventa. Kampen kunne gått begge vegar, og poengdeling ville nok gitt det rettaste bilde av kampen.

Dagens Seljespelar: Endre Kupen

Firdastjerna: Endre Kupen 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Kristoffer Hove, Andre Kupen, Espen Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Werner Kupen, Martin Hove, Endre Kupen, Trond Hamre.

Innbytte: 65min Espen Nøstdal ut, Runar Aarsheim inn - 90min Ole Andreas Solheim ut, Runar Nøstdal inn.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.