24.03: Treningskamp Selje-Sandane 2-0

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Mar 2008

Guttespelaren Joachim Refvik starta og spelte heile kampen. Også guttespelaren Aleksander Kvernevik kom inn på.

Treningskampen Selje-Sandane enda 2-0. Kampen vart spelt under glimrande forhold på Eid Idrettspark. Selje starta best og hadde scora to mål før 15min var spelt. Men etter dette var det lite å skrive heim om....

Ved kysten lava snøen ned i dag også, men på Eid Idrettspark var det "vårgrøn" bane. Selje måtte rokkere ein del på laget frå dei siste påskekampane. Midtstopparparet Andre Kupen og Peter Bergesen var ikkje  med i dag, og i tillegg måtte Runar T. Aarsheim gje seg under oppvarminga.

Fleire bilder følger nederst i artikkelen.

Selje opna friskast og var klart best fyrste del av kampen. Alt etter 10minutt var det duka for 1-0. Ole Andreas Solheim sette ballen i hjørnet, frå skrått hald innanfor 16meteren. Berre fem minutt seinare gjekk Selje opp til 2-0. Endre Kupen skrudde ballen direkte i mål frå corner. Det såg ut til at Selje skulle gå mot ein komfortabel seier, men slik gjekk det ikkje.

Selje vart etter kvart for upresise i pasningsspelet og bevegelsane sat ikkje som dei skulle. Berre i periodar glimta laget til med godt spel som skapte sjansar. Derimot kom Sandane meir og meir med i kampen.

Sandane (4.div.) som har mista mange spelarar frå i fjor, stilte med eit svært ungt mannskap i dagens kamp. Men kjenner vi Sandanetrenar Jan Ove Ødven rett, kjem han nok til å få sving på sakene også denne sesongen.

Resten av fyrste omgang var forholdsvis jamnspelt. Utover andre omgang var det Sandane som hadde mest spel, og dei fekk mange spelarar med i angrepa. Men manglande tur i avslutningane og resolutt spel av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim, hindra redusering. M.a. small ballen i stolpen og ut att på bana, med 15 min. igjen av kampen.

I sluttminutta hadde Selje ein stor sjanse. Werner Kupen sette fart framover etter eit brot på midten, sentra til Kennet Honningsvåg, som avslutta frå 16meteren like til side for stolpen. Dermed ebba kampen ut med 2-0 seier til Selje.

Eitt greitt resultat, men Selje bør ha meir å gå på før alvoret startar.........

Trenar Idar Taklo er uansett bra fornøgd med påskekampane som har gitt god matchtrening: Uavgjort 1-1 mot Volda, seier 4-3 mot Åram/Vankam og seier 2-0 mot Sandane.   

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Kristoffer Hove, Jon Aage Riksfjord, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Kai Arne Otneim, Ken Olav Kupen, Werner Kupen, Endre KUpen.

Benyttar reservar: Aleksander Kvernevik, Anders D. Rekdal

Andre reservar:Alexander Hovdevik,Kristoffer Nøstdal, Runar Aarsheim (skada)  

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.