17.12: Flott avslutning for juniorlaget

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Des 2007

Selje sitt juniorlag har fått ei flott avslutning på serien med to sigrar. Torsdag kveld vann laget 2-1 mot Stryn på Eid Idrettspark. I kveld følgde juniorane opp med ein sterk 5-3 seier mot Tornado Måløy på heimebane.

I ein jamn kamp som kunne bikka begge vegar, vart det til slutt Selje som trekte det lengste strået i siste kampen i vinterserien for i år. I flotte speleforhold i flomlyset på Selje Idrettspark, kunne publikum og spelarar juble for tre nye poeng etter 5-3 mot Tornado Måløy. Stillinga ved pause var 2-1 til heimelaget. 

Juniorane gjennomførte ein god kamp og stod løpet heilt ut i kveld. Og endeleg hadde laget litt "tur" og fekk utteljing på sjansane. Akkurat det har dessverre mangla i dei tre fyrste kampane. Selje sine juniorar har vist at dei har vore på høgde med dei andre laga og kunne med betre utteljing, fort vore med og kjempa heilt i toppen av tabellen også i år. Kjekt var det uansett å avslutte serien med to sigrar. 

Vi takkar Ola (trenar) og Anne-Britt (oppmann) for god jobb med juniorlaget i vinterserien.

Kampfakta:

1-0    Anders D. Rekdal

1-1

2-1    Aleksander Kvernevik

3-1    Ole Andreas Solheim

3-2

4-2    Anders D. Rekdal

4-3

5-3    Endre Kupen

Seljes lag: Aleksander Hovdevik, Sindre Jørgensen, Martin Hove, Ole Andreas Årvik, Asbjørn Losnegard, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Joachim Refvik, Aleksander Kvernevik, Endre Kupen, Anders D. Rekdal.             Innbyttar: Frank Robert Åhjem

Dommar: Rune Haugland, Haugen 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.