23.10: Seljejentene tapte KM-finalen mot Høyang

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Okt 2007

Selje sitt J15/16 lag tapte i kveld 6-2 på heimebane mot Høyang. Stillinga ved pause var 0-2. Seljejentene kjempa tappert, men Høyang vann til slutt ein fortent seier. 

Selje måtte vinne dagens kamp etter at laget på laurdag spelte 6-6 mot Jotun på bortebane, medan Høyang hadde vunne 4-3 mot Jotun i sin fyrste kamp.

Kampen var forholdsvis jamnspelt dei fyrste 20 minutta. Men Høyang festa meir og meir grepet og skapte flest sjansar. Dei kunne gå til pause med fortent 2-0 leiing.

Selje hadde også sine sjansar, men vart pressa bakpå av eit godt Høyang lag. I ein god Selje-periode, vart dessverre Susanne Vatnehol alvorleg skada i kneet. Ho vart frakta til sjukehus i ambulanse. Vi ynskjer Susanne god betring!

Seljelaget var svekka etter at Susanne måtte gå av bana, og Høyang skapte mange sjansar utover. Men Seljejentene kjempa tappert og gav aldri opp. Det resulterte i to mål, begge av Birgitte Flølo.

Selje IL-Fotball gratulerer Høyang med KM, og gratulerer Seljejentene med ein flott sesong, der laget nok ein gong har klart å spele seg fram til KM-sluttspel. Flott innsats!

Seljes lag: Marthe H. Owesen, Beate Hove, Susanne Vatnehol, Janett Kupen, Sofie Sandvik Flataker, Birgitte Flølo, Mette Riksfjord, Eirin Hatlenes, Elise Sætren, Susanne Aarsheim, Vilde L. Træet                                   (ikkje med i dag: Sonja Riksfjord og Karoline Hamre)

Kampfakta:

0-1    25min    Stine Hovland

0-2    32min    Stine Hovland

0-3    42min    Karin Marie Eldevik

1-3    48min    Birgitte Flølo (straffe)

1-4    55min    Stine Hovland

1-5    60min    Malin Fjæren

1-6    66min    Malin Fjæren

2-6    78min    Birgitte Flølo

Dommar: Jan Magne Eide

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.