09.09: 2-2 i toppkampen mot Sandane

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Sep 2007

Det vart 2-2 og poengdeling i 4.div.kampen mellom Selje og Sandane. Ved pause leia Sandane 2-0. På overtid scora Selje, men 3-2 scoringa vart annulert. Ut frå spel og sjansar hadde Selje fortent sigeren i dag...... 

 

Sandane kunne gå i garderoben med 2-0 leiing ved pause. Begge scoringane kom etter nølande forsvarsspel og var direkte ufortent. Det var eigentleg det Sandane hadde av store målsjansar i denne omgangen.

Selje hadde på si side 6-7 store målsjansar, men ballen ville ikkje i mål! 3 gonger vart ballen redda på strek bak Sandane sin keeper, der vi "såg" ballen i mål. Selje hadde også nokre andre feite sjansar. Bl.a. Endre Kupen som etter eit dribleraid på venstrekanten, avslutta i nettveggen på feil side av stolpen.  

0-1 kom etter 12 min. ved Vidar Apalset. 0-2 kom etter 28 min. ved samme mann.

2.omgang heldt fram som den fyrste. Selje hadde ballen mest og skapte dei fleste sjansane. Etter 55min. feilberekna Sandane sin keeper eit overlegg og ballen strauk stanga på feil side. Minuttet seinare får Selje corner. Den presisie corneren frå Endre, blir truffen i mølja framfor mål og ballen går rett utanfor stanga igjen.

Så endeleg. Eit langt framspel på Endre i det 57 minutt inni 16meteren. Ein Sandaneforsvarar dyttar Endre i ryggen, og dermed straffespark for heimelaget. Straffa blir sikkert sett i mål av Gaute Otnes.

I det 70 min. er Andre Kupen på veg i gjennom og blir takla av Sandanespelar. Andre kjem seg på beina og ballen ligg fri, men dommar har alt blåst av. Frisparket vert trilla til sides, og der knallar Endre Kupen ballen i hjørnet frå 20 meters hald. Kjempescoring!

Heimepublikum fekk no for alvor tru på ein ny heimesiger, men det var Sandane som i dei neste minutta pressa på og var farlegast. Etter 68 minutt ein gedigen sjanse til Sandane. Liggande greier Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim å få ei hand på ballen og slå til corner.   

Etter at Sandane hadde pressa Selje over i ein periode, kom heimelaget sterkt igjen mot slutten. Endre Kupen hadde bl.a eit godt skot frå 25meter som keeper så vidt får slått til corner. Rett før slutt kom situasjonen som vart diskutert etterpå. Ballen blir slått langt mot Sandane sitt mål. I duell med keeper og Runar Nøstdal, kjem ballen fri. Frå 5 meters hald scorar Ole Andreas Solheim. Men jubelen stilna fort, for assistentdommar Kai Inge Fløde stod oppe med flagget og dommar annulerte målet for angrep på keeper i forkant av scoringa. Ei avgjerd som absolutt kan diskuterast frå vår ståstad. 

Selje fortsette på overtid å jage sigeren, men det kom berre til halvsjansar og kampen ebba ut med 2-2. Eit resultat som Sandane har mest grunn til å vere fornøgde med.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Espen Nøstdal, Frode Nøstdal, Martin Hove, Ole Andreas Solheim, Kenneth Honningsvåg, Runar Aarsheim, Endre Kupen, Andre Kupen, Werner Kupen.

Benytta reservar: Runar Nøstdal for Werner Kupen frå 2.omgang.

Andre reservar: Anders D. Rekdal, Henrik Aarsheim 

Dagens Seljespelar: Kenneth Honningsvåg

Dommar: Jeikishan Jegatheesan

Ass.dommarar: Kai Inge Fløde, Alf-Tore Tvendeseter

Observatør: Rune Haugland

Ingenting er avgjort i 4.divisjon endå, med to serierundar igjen. Neste søndag tek Selje i mot Årdal 2.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.