15.05: Dugnad Selje Idrettspark laurdag 19.mai

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Mai 2007

Foreldre og spelarar på guttelaget vert invitert til dugnad på laurdag 19.mai kl.11.00-14.00. Også andre er sjølvsagt velkomne!

Les meir under!

Til foreldre og spelarar på guttelaget (spelarar f.-91/92)

Selje IL inviterer til

DUGNAD

LAURDAG 19.MAI KL.11.00-14.00

Det er laga ein plan for ting som må gjerast i forkant av Seljecup og seinare i år. Her er svært mange oppgåver å ta tak i, så vi prioriterer ut frå kor mykje folk som stiller på dugnaden.

Aktuelle arbeidsoppgåver denne laurdagen er m.a:

- halvsirkel nord (påfyll sand/mold, såing, gjødsling)

- ball-løkka (grasslåing, gjødsling, påfyll sand osv.)

- grasslåing med kantklippar

- ordne løpebana (fjerne gummi, planering osv)

- evt. ordne grusbana (fylle holer, planering, fjerne gras osv.)

Nødvendig utstyr å ta med: trillebåre, jernrive, rive, spade

Denne gongen ber vi om at foreldre og spelarar på guttelaget stiller på dugnaden.

Håpar at flest mogeleg kan stille!

Vennlegast gje melding visst du ikkje kan stille!

Selje 15.05.07

for Selje IL

Driftsstyret Selje Idrettspark

Atle Solheim Svein Rekdal

(tlf. 99247687) (tlf. 41691842)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.