12.05: Selje tapte 4-0 mot Jølster

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mai 2007

Selje gjekk på sesongens fyrste tap då dei møtte Jølster på Skei stadion fredag kveld. Etter ein jamnspelt kamp med 0-0 til pause, vart kampen avgjort i løpet av 10 min i starten av 2.omgang då Jølster scora fire mål.

Selje mangla mange av sine faste spelarar til denne kampen. Spesielt forsvarsrekka var hardt ramma, og førte til rokkeringar i laget. Startellevaren til Selje må vere den yngste nokon gong: Ti av spelarane var frå 16-20 år, berre Werner Kupen (29 år) drog opp gjennomsnittet.

Når det er sagt gjorde alle ein heilhjerta innsats, men kom til kort mot langt meir fysiske og større jølstraspelarar. På ei ujamn grasmatte vart det mykje ballar oppi lufta og Jølster spelte mykje langt. Jølster vann luftduellane og var flinke til å renske unna i forsvar. 

Fyrste omgangen var jamnspelt, der ingen av laga kom til dei heilt klare målsjansane. Jølster var farlegast på sine mange dødballar og høge innlegg i feltet, men Selje klarte å renske unna.

Så vart kampen avgjort i løpet av 10 minutt i andre omgang. Jølster fekk eit billeg mål ved Espen B. Tornæe etter 5 min. I mølja framfor mål sneik ballen seg inn ved stolpen. Etter 12 min fekk Jølster ei feilaktig idømt straffe. Ein jølstraspelar datt over Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim innanfor 16meteren. Straffa vart sett sikkert i mål av Kåre Åmot. To minutt seinare var det "black-out " i Seljeforsvaret. Ballen vart spelt inn i bakrommet og Daniel Fluge kom åleine med keeper og sette inn 3-0. Eitt minutt seinare var det reprise, og ein jølsterspelar scora 4-0, igjen åleine med keeper. 

Dermed var kampen avgjort. Resten av kampen var igjen jamnspelt og begge lag spelte seg fram til nokre gode målsjansar. Runar T. Aarsheim hadde ei god heading, som Jølsterkeeper Frank Tore Tveit så vidt klarte å slå unna. Mot slutten av kampen var det faktisk Selje som pressa mest på og skapte sjansar, men marginane og trykket framfor mål var ikkje godt nok til redusering.

Seljes lagoppstilling: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Martin Hove, Henrik Aarsheim, Gaute Otnes, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Endre Kupen, Werner Kupen, Kai-Sindre Moldestad.

Innbyttarar: Roger Hamre (for Kai-Sindre Moldestad) frå 65min. 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.