29.04: Førde 2 - Selje 2-2

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Apr 2007

Selje leia to gonger i 4.div. kampen i Førde i dag, men Førde 2 kom tilbake og sikra det eine poenget. Dermed vart sluttresultatet 2-2, akkurat som forrige helg mot Årdal 2.

 

Alt i alt var poengdeling greitt i dagens kamp. Selje var best i 1. omgang og Førde best i 2.omgang. Selje leia to gonger i kampen. Verner Kupen scora etter 27 min., og Endre Kupen etter 83 min. Men Førde kvitterte for begge scoringane og dermed 2-2. På overtid var Endre Kupen nær ved å ta med alle poenga heim til Selje.

Trenar Idar Taklo seier at spelarane la ned ein kjempejobb. Han var derimot ikkje så nøgd med pasningskvaliteten og måten spelarane utnytta dødballar på.

Førde var eit sterkt og fysisk lag, og Taklo meiner at poengdeling var greitt i denne kampen.   

Kampfakta:

                                    Tom-Øyvind Solheim

        Gaute Otnes    Peter Bergesen    Espen Nøstdal    Kristoffer Hove

        Runar T. Aarsheim    Kennet Honningsvåg    Ole Andreas Solheim

        Trond Sætren        Verner Kupen        Jon-Aage Riksfjord

Endre Kupen inn for Trond Sætren.

Ubenytta reservar: Vidar Hagen, Anders D. Rekdal, Martin Hove, Andre Kupen.

27 min    0-1    Verner Kupen

46min    1-1

83min    1-2    Endre Kupen

87min    2-2

Gule kort: 2 til Førde


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.