02.08: Selje ute av Norway Cup
Postet av Selje IL - Fotball den 2. Aug 2006
Selje møtte i dag tidleg kl.09.30 Odd Grenland til 64-delsfinale på Rustad. Der vart det desverre 5 - 2 tap for guttane våre.
Selje var bra på høgde med Odd, og stillinga til pause var 2 - 2, etter at Selje lenge leda 2-1. Etter pause fekk Odd ei ny skoring, og der i frå var det Odd som styrte.
Selje har utover turneringa fått ein del skader. Og i går var det keeper Andreas Kvernevik som var uheldig. På ei klaring frå 16-meteren vart han truffet av knottane til ein motspelar. Dette enda med ei brot i eine leggbeinet og gips.
I dag måtte sjef på midtbana Kenneth Honningsvåg gje seg allereie etter 20min av kampen.
Tiltross for tap har gutane gjort ei kjempe god turnering, vi har gått til A-sluttspel og var godt med i kampen i dag og, det var tross alt 248lag med i denne gutteklassa og dermed er nivået veldig høgt, seier Atle Solheim. Skadane svekka oss, det var heilt klart, seier Solheim vidare.
Måla til Selje vart skora av Endre Kupen og Runar Aarsheim.
I kveld er gutane samla på Champions League kamp på Ullevål, der Vålerenga møter det tsjekkiske laget Mladà Boleslav.
Fredag ventar heimreise, så i morgon skal gutane nyte dagen med evt.shopping og andre ting.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024
Årsfest torsdag 5.desember
20.11.2024
Info. Deltakingsavgift 2024
20.11.2024