Marko Tanasic tilsett som trenar i Selje
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Des 2015
Vi ynskjer Marko Tanasic velkommen som trenar i Selje IL! Marko skal ha ei kombinert stilling som trenar for A-laget og som spelar-/trenarutviklar i 60% stilling. Han tiltrer i jobben ved nyttår. Marko har lang erfaring både som spelar og trenar på høgt nivå. Han har spelt på toppnivå både i Serbia, Island og Norge (bl.a. Strømsgodset 1996-97). Marko er utdanna som trenar med UEFA A- og B-lisens, og har lang trenarerfaring frå fleire klubbar både på Island og i Norge. Selje IL er svært glade for å få ein så kvalifisert trenarkapasitet til klubben, og ser fram til å starte arbeidet for å utvikle spelarar og lag.
Selje IL har satsa mykje på anlegg og utdanning av trenarar og leiarar. Vi ynskjer å gje våre spelarar eit endå betre tilbod, og satsar med denne tilsettinga stort på spelar- og trenarutvikling. Klubben er godt på vei med arbeidet for å bli sertifisert som kvalitetsklubb, og satsinga er også eit ledd i dette arbeidet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Fredag 17.10,kl.19: Selje/Åheim-Sogndal 1
13.10.2025

Flott Tine fotballskule!
18.09.2025

3.div. kvinner Selje/Åheim
18.09.2025

Selje vann 6.div avd.4
18.09.2025