Invitasjon til Seljecup 2016, 10.-12.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Feb 2016

Invitasjon og info. Seljecup 2016, 10.-12.juni

Invitasjon og påmelding til Seljecup 2016 er klar her på sida, sjå under flik Seljecup 2016 og påmelding.


Vi har for 22.gong gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Dei siste åra har det delteke i overkant av 140 lag med ca.1100 spelarar frå ca. 40 klubbar. Vi er glade og stolte over den populariteten som cupen har fått, og vi ser fram til ein ny fotballfest i Selje helga 10.-12.juni. Invitasjonar kjem også til å bli sendt ut på mail til klubbar/lag i løpet av dei neste vekene.

Dersom du har spørsmål er det berre å ta kontakt på mail: seljecup@online.no eller på tlf. 992 47 687. Velkommen til årets fotballfest i Selje!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.