29.08: Seljetap mot Skavøypoll

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Aug 2010

Selje tapte 3-4 på bortebane mot Skavøypoll laurdag. Selje hadde leiinga 2-1 ved pause, og leia kampen 3-2 til det gjenstod under 10minutt. Men to scoringar på slutten av kampen, gjorde at eit redusert Seljelag tapte den spennande kampen.....

Forrige runde stilte Selje med ein av dei sterkaste troppane i år og kvitterte med årsbeste og 3 poeng. Til den viktige kampen mot Skavøypoll var det ein sterkt redusert Seljetropp som stilte til kamp. Borte frå forrige kamp var Tom-Øyvind Solheim, Alexander Bickel, Viktor Front, Kristoffer Hove, Saron Osmundsvåg........

Skavøypoll gjekk opp til 1-0 etter 15min, på straffe ved Stian Åmelfot. Fem minutt seinare hadde Selje ein kjempesjanse som enda med heading i stolpen av Joachim Refvik. Neste Seljesjanse kom etter 44min. Alexander Hove vann ballen inne i feltet og sentra til Gaute Otnes som scora. Berre eit minutt seinare gjekk Severin Rokne over ende og dommaren peikte på straffemerket. Gaute Otnes sette straffa sikkert i mål, og Selje kunne med sine to raske scoringar gå i garderoben med 2-1 leiing.

2.omgangen starta med Skavøypoll-frispark etter 1 minutt, retur frå keeper og Andre Høydal sette ballen i mål frå to meter. Det var Skavøypoll som hadde dei fleste sjansane utover omgangen og var nær scoring både i det 8min med skot like utanfor, og i det 24min men keeper Martin Hove rykka ut og fekk blokkert skotet då ein Skavøypollspelar var åleine gjennom. All honnør til utespelar Martin Hove som måtte ta på seg keeperhanskane i dagens kamp. Forrige gong var i 3.div 2008 på bortebane mot Årdal!

Det var mot spelets gang då Selje i det 70min igjen fekk straffe. Aleksander Kvernevik vart dytta i ryggen innanfor sekstenmeteren. Straffa sette Gaute Otnes sikkert i mål igjen, og dermed hat-trick for banas beste spelar i dag.

I det 74min la Snorre Kvalheim inn frå venstre, Joachim Refvik heada like utanfor bakerste stolpe. Skavøypoll fortsette å trykke på framover og hadde nesten scoring i det 80min. To minutt seinare kom utlikninga etter klabb og babb og to redningar på strek, fekk Kristoffer Djuvik ballen over streken. I det 83min sette Kristoffer Djuvik inn vinnarmålet på eit laust skot mot mål. Dermed heimeseier 4-3.

Seljetrenar Idar Taklo (den eine av to reservar, som også i dag måtte innpå) var veldig fornøgd med jobben laget gjorde i dag. "Vi mønstra eit sterkt svekka lag, og vi visste på førehand at dette ville bli veldig vanskeleg. Men gutane skal ha all honnør for innsatsen, dei gjorde sitt ytterste og bidrog til ein spennande kamp. Med litt meir tur kunne vi faktisk teke poenga med oss heim i dag" sa Taklo. Vi får berre sjå framover mot neste kamp.......

Seljes lag: Martin Hove, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Christian V. Sneide (debut), Severin Rokne, Alexander Hove (Idar Taklo frå 67min), Joachim Refvik (Vegard Elde (debut) frå 90min), Aleksander Kvernevik, Gaute Otnes, Snorre Kvalheim. 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.