13.03: Treningskamp Selje-Åheim 4-0

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mar 2010

Selje vann i dag 4-0 (1-0 ved pause) mot Åheim i sin fyrste treningskamp i år. Stor takk til banemannskapet som greidde å få bana klar til kamp. På Selje debuterte Severin Rokne med ein god kamp.....

Få hadde trudd at det var mogeleg å få bana klar til kamp.... men etter stor innsats siste dagane med snø- og isrydding vart det kamp. Når snøbygene så stoppa ved kampstart vart det gode speleforhold under kampen.

Selje leia 1-0 ved pause etter skot frå hjørnet av 5-meteren ved Joachim Refvik.

I 2.omgang fekk Selje tre mål: Fyrst heading av Alexander Hove, så skot frå Joachim Refvik frå ca. 25 meter og til slutt skot frå ca. 20 meter av Runar T. Aarsheim.

Kampen var nok jamnare enn resultatet tilseier, men det var Selje som scora måla. Begge lag mangla ein del spelarar i dag, men uansett nyttig kamptrening. 

I tillegg til Severin Rokne, debuterte også Natalie Vik for Selje i dag.   

Seljes tropp: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Nøstdal, Espen Nøstdal, Alexander Wik, Saron Osmundsvåg, Runar T. Aarsheim, Severin Rokne, Joachim L. Træet, Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik, Anders D. Rekdal, Alexander Hove, Natalie Vik, Rikard Rekdal.  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.