23.05: Poengdeling mot Skavøypoll

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Mai 2009

Foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Skavøypoll-Selje enda 1-1, etter 0-0 ved pause. Poengdeling var eit greitt resultat ut frå spel og sjansar....

Selje heldt på å få ein kanonstart på kampen då Andre Kupen kom åleine med keper etter 30 sekund spel, men skotet vart avverga av Skavøypollkeeper Yngve Furnes. Andre fekk ein stor sjanse til i 1.omgang, og Endre Kupen knalla ballen i stolpen og ut. Men Skavøypoll var også nær scoring med eit skot i tverrliggaren. 

2.omgang vart også jamnspelt med sjansar til begge lag. Skavøypoll kom i føringa etter 67min etter corner, der avslutninga så vidt gjekk over streken. Men Selje utlikna til 1-1 i det 74min. Igjen kom scoringa etter corner. Andre Kupen satsa alt på corneren frå Endre, og heada ballen knallhardt i mål på fyrste stolpe.

Skavøypoll trykte på mot slutten av kampen, og hadde fleire dødballar som var farlege. Selje redda mellom anna på strek og fekk avverga scoring. Men kampen ebba ut med 1-1 og poengdeling.

Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med eit poeng på bortebane. "Selje var eit lite strå kvassare i 1.omgang og hadde flest store sjansar. Men Skavøypoll var hakket betre enn oss i 2.omgang. Difor var det greitt med poengdeling i dag", seier han.

Idar Taklo gir honnør til heile laget for flott innsats. Tom-Øyvind Solheim stod ein god kamp i mål, til liks med Skavøypoll sin keeper. "Banas gigant" meiner eg likevel var Ole Andreas Solheim, som spesielt i fyrste omgang brilijerte, seier Idar Taklo. 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Jon Aage Riksfjord, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Kristoffer Nøstdal, Espen Nøstdal (Saron Osmundsvåg frå 60min), Anders D. Rekdal, Endre Kupen, Andre Kupen.

Andre reservar: Alexander Hove

Sjå også bilder og kampfakta på www.haugenfotball.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.